• Er du vår nye kollega - Kruse AS - krusereklame.no

Er du vår nye kollega?

Er du vår nye kollega?

På grunn av stadig aukande arbeidsmengde, søker vi etter ein ny kollega som kan bidra og vere med å utvikle Kruse AS.

Kruse er eit lokalt firma i Florø med tre tilsette.

Vi leverer det meste innan visuell profilering som:

  • Heilfoliering og profilering av bil
  • Fasadeskilt med og utan lys
  • Foliemerking og vindusfolie
  • Gravering og utfresing
  • Banner og anna utskrift i storformat
  • Produksjon av sjablonger og klistremerke
  • Monteringsoppdrag

Det aller meste vert produsert i vårt lokale i Florø.

Hos Kruse får du:

  • Følgje oppdraga frå start til slutt.
  • Jobbe med spennande kundar frå mange ulike bransjar.
  • Allsidige dagar – varierte arbeidsoppgåver.
  • Jobbe kreativt saman i team med kjekke kollegaer.
  • Konkurransedyktig lønn og pensjonsordning.
  • Tilgang til bedriftshelseteneste.

Kva med deg?

  • Har auge for detaljar.
  • Er «nevenyttig» og nøyaktig.
  • God praktisk forståing.
  • Gjerne erfaring som snekker eller frå liknande bransjar.
  • Kan jobbe sjølvstendig, men også i team.
  • Er påliteleg, triveleg og grei.
  • Likar å snakke med kundar og «vere litt framme i skoa».
  • Gode norskkunnskapar.
  • Og kan du litt om programvara Adobe CC, så er det heilt gull.

Høyrest dette spennande ut?

Ta kontakt med Trond Sagen i Kruse AS

Telefon 40 40 29 01 // e-post trond@krusereklame.no