Lys- og fasadeskilt • Klebemerker • Bildekor • CNC-fres • Frosting • Vindusdekor • Lasergravering • Print i storformat

PRODUKT OG TENESTER

Covid 19 smittevern

Vi leverer informasjonsmateriell og smittevern mot Covid-19.

Du kan få kjøpt spesialtilpassa plexiglass-plater til disk/resepsjon, og sikkerheitsplakater som t.d. minnar om håndhygiene og golvmerking som oppmodar om å halde avstand.

Smittevern covid19 - krusereklame.no

Bildekor

Bildekor og bilreklame er ofte den beste måten for et firma å profilere seg på. Vi produserer bildekor av alle slag – til store og mindre kjøretøy. Vi leverer alt av bilfoliering, fra små dekor- og logoelement til heilfoliering av bil. På den måten sørger vi for effektiv profilering av bedrifter, og hjelper privatkundar som ønsker det lille ekstra. Vi kan også fjerne folie på bil. Har du ikkje firmalogo til å ha på bilen, så bistår vi med å lage den til deg – enten i samarbeid med vår eigen profileringsdesigner eller igjennom reklamebyrå som vi samarbeider med. Ta kontakt for å høyre kva vi kan tilby.

Frosting

Frosta folie gir eit delikat uttrykk og slepper inn lyset uten å gi innsyn. Det er ideelt der arbeidsplasen er på gateplan. Print på frosta folie er eit godt alternativ som gir eit lekkert resultat. Frosta folie blir mykje brukt på vindu i kontorlokaler, som innsynsbeskytting på dører eller glassveggar. Med frosta folie slipper lyset igjennom, ein kan sjå om det nokon i eit rom, men ikkje detaljar.

Skilt og dekor

Kruse leverer alle typar, frå små og minimalistiske til kjempestore fasadeskilt, uthengsskilt, lysskilt etc. som skal kunne sjåast på lang avstand. Skilt og dekor gir merksemd og det formidlar bodskap, ofte i ein og samme pakke. Fasadeskilt er som regel det første kundane møter. Det er ansiktet utad, og det blir brukt til å guide kundar og besøkande fram til destinasjonen. Det finns ei mengde av materiale og bearbeidingsmetodar, som alle kan leverast med og utan lys.

Klistremerker og sjølvklebande tekst og logo

Klistremerker er sjølvklebande merke i vinyl eller anna materiale. Klistremerker kan lagast i mange variantar. Konturskjært og slissa om ønskelig. Klistremerka kan også vere reklame, logoar og anna. Sjølvklebande logo og tekst blir brukt overalt til å visualisere og formidle bodskapen din. Logo og tekst kan skalerast opp og ned, og dei kan festast på stort sett alle overflater som glass, metall, plast, golv og veggar. Du har kanskje allereie ein logo i dag, viss ikkje kan vi hjelpe til med logodesign.

Lasergravering og fresing

CNC-fresemaskina vår blir brukt i produksjon av fasadebokstavar, lyskassar, utstillingsmontrar, figurskjering, messestands, utstillingar og andre spesialprodukt du måtte etterspørre. CNC-fres er godt eigna til produksjon av reklamemateriell, trearbeid, logoar og ulike typar skilt. Muligheitene er mange, og berre fantasien set ein stoppar! CNC-fresen vår utfører oppdraget raskt og med stor presisjon, og sikrar eit godt resultat og høg kvalitet. Vi tilbyr skreddarsydde løysingar til alle med behov for fresing, merking og gravering.

Byggeplasskilt

CNC-fresemaskina vår blir brukt i produksjon av fasadebokstavar, lyskassar, utstillingsmontrar, figurskjering, messestands, utstillingar og andre spesialprodukt du måtte etterspørre. CNC-fres er godt eigna til produksjon av reklamemateriell, trearbeid, logoar og ulike typar skilt. Muligheitene er mange, og berre fantasien set ein stoppar! CNC-fresen vår utfører oppdraget raskt og med stor presisjon, og sikrar eit godt resultat og høg kvalitet. Vi tilbyr skreddarsydde løysingar til alle med behov for fresing, merking og gravering.

Foliedekorasjon

Foliedekorasjon er ein rask, fleksibel, økonomisk og fordelaktig måte å friske opp omgjevnaden på. Foliedekorasjonar blir printa eller utskoren på sjølvklebande folie og kan overførast til dei fleste overflater både inne og ute.

HISTORIA om Kruse

Frå dørseljar til reklameproduksjon

Sjølv om firmaet vart etablert i 1980, så starta historia om Kruse midt på 1970-talet. Då var Jan Otto Kruse tilsett på K. Jansen i Florø. Der jobba han skift og brukte fritida til å jobbe som dørseljar. Han reiste rundt og selde røykvarslarar og brannsløkkingsapparat.

Så kom tilbodet om å selje reklameartiklar. Først avslo han dette fordi det gjekk så bra med dei andre tinga han jobba med, men valde til slutt å prøve. Sidan den gong har han aldri sett seg tilbake. Kruse sitt inntog i reklamebransjen var eit faktum. Han reiste land og strand rundt i Sogn og Fjordane – frå indre til ytre – med matpakke og termos. Du kan trygt sei at Jan Otto har sett kvar ein avkrok i fylket.

Etterkvart så fekk han opparbeidd seg eit namn og behovet for å reise vart mindre. Han starta då opp kontor og verkstad i Florø, med eige utstyr til å produsere enkle reklameartiklar. Selskapet er bygt opp stein for stein, og investeringar i utstyr har kome etterkvart som innteninga tillèt det.

Kruse AS gjekk bra og produksjonen auka slik at det vart bruk for ein mann til. Jan Otto inngjekk då eit samarbeid med Kato Vårdal som på den tida dreiv eige firma innan montering. Dette samarbeidet var så gunstig at Kato etterkvart vart tilsett i Kruse. Kato har i dag ansvar for alle typar montering og delar av produksjonen.

Jan Otto Kruse valte i 2018 å inngå ein avtale med Trond Sagen om å overta Kruse AS frå 1. januar 2019. Trond har jobba i bransjen sidan 1988 og har lang erfaring frå trykkeri og reklamebyrå. Han er ein av gründerne bak A til Å Grafisk Design og Media som han var med og starta i 1993 og som han har jobba hos sidan den gong. Trond er fagutdanna og har fagbrev som formframstillar/typograf og meisterbrev i grafikarfaget. Trond og Jan Otto har kjent kvarandre i mange år sidan Kruse AS har vore ein god leverandør og samarbeidspartnar til A til Å.

Jan Otto vil framleis vere med vidare, men gradvis trappe ned etterkvart som Trond tek til i Kruse AS frå hausten 2019.