STORFORMAT

BANNER • ROLLUP • FLAGG

Banner og print - krusereklame.no

Storformat print er eit samlebegrep på alt av print vi utfører som er større enn A3-storleik, og som dermed ikkje kan skrivast  ut på ein vanleg printer – alt frå store banner til veggbilde og store plater. Vi printa det på våre storformat printerar og storformat plottere, avhengig av materiale og bruksområde.

  • PVC-banner er ei rimeleg og kostnadseffektiv løysing for å trykke bodskap med svært god fargemetning og skarpheit. Store flater gir større synligheit på større avstand. Bruksområda er mange; kampanjar, sal, messer, konferansar, arrangement, sponsor-profilering, kontor-utleige, nybygg, generell reklame m.m.
  • Roll-up kan brukast overalt! Du ser dei på messer, kjøpesenter, butikkar, togstasjonar, konferansar, events, skular, resepsjonar m.m. Grunnen er enkel; rolluper er ein rimeleg måte å få fram bodskapen på, og dei er i tillegg lette å transportere, plassere, sette opp og ta ned.
  • Logoflagg leverer vi til flaggstenger og beachflagg – til messer, festivalar og andre arrangement.